Menneskerettigheter.info


             
- Informasjon om                                          menneskerettigheter


             - Kritisk søkelys på                                       menneskerettighetenes stilling i                   Norge
 
Ope brev til Stortingets presidentskap
v/ stortingspresident Olemic Thommessen,
Stortinget:
 
Grunnlovsjubileet 
Slik eg ser det, så er denne Grunnlovsfeiringa ein freistnad på å få folket - oss nordmenn - til å velsigne den øydelegginga av Noreg som nasjonalstat, nordmenn som eit urfolk og det norske samfunn slik vi har kjent det, som de politikarar, media, og dei som hevdar at dei gjer god butikk på masseinnvandringa, kort sagt innvandringslobbyen, er ansvarlege for!
 
De har heller ikkje gått av vegen for å endre, eller fjerne paragrafar i Grunnlova som ikkje passar det framandarta samfunnet som de har påtvunge oss nordmenn å leve under i framtida!
 
De har innført ei abortlov som gjennom ein generasjon har utrydda omlag ein halv million menneske av vår norske ætt. 
Til å fylle tomrommet etter desse har de starta ei masseinnvandring gjennom asylsystemet frå totalt framande kulturkretsar. Når vi så veit at nordmenn og samar utgjer omlag 3,8 mill. av dei 5,1 mill. busette her i landet så må nok den mest godtruande forstå at vi som folk på sikt vil møte veggen.
For å få folket til å tru at talet nordmenn aukar så har de, ved god hjelp av media, funne ut at de kan kalle alle framandfolk for "nordmenn". Dette veit de er lygn og svindel då nordmenn er namnet på ei folkegruppe som har sin heimstad i Noreg! Ingen blir nordmenn ved å fytte til Noreg, eller å få statsborgarskap her. Dette like lite som om Stortingets presidentskap, og dykkar medsamansvorne, vert eskimoar ved at de flytter til Grønland!
Og kva skal vi seie om eit kronprinspar som snakkar om "nordmenn av alle etnisitetar"? (Aftenp. 13/8  2011.)  Dei tek mål av seg til å verte framtida sitt kongepar i landet, men veit ikkje kva folk som har sitt opphav her.    
 
Og med bakgrunn i dette og meir til så vil de lure folket med på ein storslagen fest for den Grunnlova som vart skriven som ein garanti for vårt nasjonale sjølvstende og retten til vårt eige fedreland. Dette har de teke dykk lov til å endre, og å halde kritiske røyster til dette sviket nede ved hjelp av valdsgrupper, sjikane og hets gjennom media og offisielle uttalar , berre for å nemne noko. Dette får de dykk til å gjere i demokratiet og menneskerettane sitt namn!
 
Når de no innbyr folket til dykkar kalas for å feire sviket og øydelegginga av folk og land, så veit de at nordmenn aldri meir vil reise seg att som eit fritt folk i sitt eige heimland! Slik vil vi dele skjebne med andre folkegrupper som har vorte "velsigna" med framande folkevandringar! Vårt folk har vorte lurte til å røyste på sine eigne bødlar som sine "leiarar".  
 
Med bakgrunn i det eg har skrive her, utfrå eigne røynsler og ærlege meiningar, og som vil verte spreidd til ålmenta, bed eg dykk dempe dykk i feiringa, og skrytet om dykkar nye Noreg. Og aller helst burde de skrinlegg heile feiringa av Grunnlovsjubeleet. Eg ser det slik at det samfunnet de har skapt er eit hån mot Eidsvollsverket frå 1814 og eit hån mot oss to urfolk i landet, nordmenn og samar. Og eg bed dykk sjå på § 1 i Grunnlova og finne ut om det som står der samsvarar med det multietniske og framandarta samfunnet som de har skapt, og som de skryt hemningslaust av.
 
Norvald Aasen, 6983 Kvammen
12. mai 2014